Til besøkjande på Omsorgstunet

Illustrasjonbilde - nye Ulvik sykehjem - sjøside.jpg - Klikk for stort bilete Kjære besøkjande.

Vi er glad for at de kjem på besøk på omsorgstunet!

Det er likevel nokre reglar de lyt forholde dykk til: 

  • Alle som har vore på lengre reise, på stadar der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, må vente 10 dagar etter heimkomst før dei besøkjer sine kjære på omsorgstunet. dette gjeld både om ein har vore utanlands i grøn sone og på reise i noreg. i særskilte høve kan ein gjere unntak frå besøksrestriksjon desse 10 dagane, det skal avtalast med personalet i samråd med lege.
  • Ring og avtal tidspunkt i forkant av besøket, dagen før. telefon 56 52 70 80
  • Sprit eller vask hendene når du kjem og når du går.
  • Hald avstand til den du er på besøk til – du kan halde i handa, men ikkje ha nærkontakt ansikt til ansikt.
  • Max 3 besøkjande på rommet, er ein fleire ber vi om at de sit ute.
  • Hald avstand til personalet, minst 1 meter.
  • Hald deg heime om du eller nokon i heime din er forkjøla eller har symptom på luftvegsinfeksjon.
Sist endra 06.08.2020