Til alle som driv næring i Ulvik

kompensasjon korona.jpg - Klikk for stort bilete  Finansdepartementet har i dag, 23. juni, bestemt at frist for søknad om kontantstøtte (kompensasjonsordninga) for mars, april og mai er utsett til 31. juli 2020.

 Fristen var opphaveleg 30. juni 2020. For juni, juli og august er søknadsfristen 30. september 2020. Søkjeportalen vil vere open for endringar/ rettingar for innsendte søknadar for mars, april og mai etter 31. juli, men det er ikkje høve til å sende nye søknader som gjeld desse månadane[1].

I pressemelding frå 17. juni opplyste regjeringa at fleire bedrifter kan få kompensasjon. Eigenandelen er fjerna og kompensasjonsordninga er justert så den treff sesongbedrifter betre enn tidlegare.

Sesongbedrifter tener pengar i løpet av ein kort periode, og det er desse midlane som skal dekke kostnadar for heile året. Sesongbedrifter er definert som føretak som har omsetnad på meir enn 50% frå aktiviteter, eller opplevingar, som heilt eller delvis føregår utandørs. Også verksemder som er tilknytt sesongbaserte verksemder er omfatta av dette. Til dømes restauranten i alpinbakken. Minimum 80% av omsetninga må vere innanfor ein samanhengane seks månadars periode førre år for at føretaket skal kome under ordninga [2].

Dei som har føretak med hovudsakleg sesongbedrift skal ha meir nytte av kompensasjonsbeløp til sesongbedrifter. Det er likevel ikkje eit krav at sesongbedriftene må søkje tilskot etter sesongmodellen. Dette er ei individuell vurderingssak. Dersom ein søkjer tilskot oppjustert for sesongfaktoren må same berekningsmåte nyttast for alle månader det vert søkt tilskot om. Føretaket må då sende ny søknad for tidlegare månadar (om ein har sendt søknad tidlegare). Det er alltid siste søknad som gjeld[3]. Dersom føretaket har krav på meir tilskot vert det etterbetalt. Dersom føretaket har fått for mykje tilskot kjem det automatisk krav om etterbetaling. Søkjer ein kompensasjonsbeløp til sesongbedrifter nyttar ein same søknad som ved generell kompensasjonsordning, men kryssar av for sesong.

Sjå full tekst om krav, generelle reglar og berekning av sesongfaktor her.

Uansett om ein gjer utrekningar basert på generelle reglar, eller etter justering for sesongmodellen er det viktig å dobbelsjekke alle tal. Det har vore mange endringar i omløp! Særleg er det viktig å setje inntekter og kostnadar i riktig periode. Faste uunngåelige kostnader skal ordnast jamt over perioden dei omfattar. Døme: husleige for januar, februar og mars periodiserast uavhengig av når den betalast. Faste uunngåelige kostnader som kjem periodevis skal fordelast jamt over den perioden som kostnaden gjev verksemda ein fordel. Døme: utgifter i mars, april og mai til utarbeiding av årsrekneskap periodiserast på 12 månader. Når det gjeld forsikring av tilsette kan den ikkje takast med i søknadsgrunnlaget. All anna forsikring kan som hovudregel takast med i søknadsgrunnlaget.

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 23.06.2020