Tenestetorget og NAV opnar att

logo nav.jpg - Klikk for stort bilete

Frå og med tysdag 19.mai opnar heradet opp att Tenestetorget og NAV-kontoret.

Opetidene for Tenestetorget vert som før, frå kl 09-14 måndag-fredag.

NAV er KUN tilgjengelege for førehandsavtalte møte.
Drop - in er IKKJE mogleg grunna smittevernstiltak. 

Ta kontakt digitalt eller gjennom Nav kontaktsenter 55 55 33 33 

Akutte henvendingar vedk. sosialstønad eller mellombels bustad:  ta kontakt på telefon 41396543 mellom klokka 10-12 mån-tors


Gjennomgangen mellom Tenestetorget og legekontoret opnar òg opp att no.

Me ber om at det vert gjort avtale på førehand om du skal ha møte med nokon i administrasjonen.

*Har du lette symptom eller teikn på luftvegssymtom, feber, tungpust eller dersom ein har vore i nærkontakt med koronasmitte, ber me deg avbestille timen via telefon og IKKJE møte opp på sentrumsbygget.

*kom presist til timen med Nav, maks 5 min før avtalt tid, for å minimere tida på venterom/tenestetorget. Det vil kun stå ein stol klar på venterommet. 

*Møter du nokon i lokalet ynskjer me at du held 1 meter regelen så godt det let seg gjera.

*Me ber deg følgje generelle smitteverntiltak som god handhygiene og gode hostevanar. Vask hendene dine når du kjem og når du forlet lokalet.

 

 

 

 

Sist endra 18.05.2020