Status CWD-arbeidet i Nordfjella kommunane


cwd_arbeidet.png - Klikk for stort bilete

 

Status for det lokale CWD-arbeidet i Nordfjella kommunane


Arbeidet med skrantesjuke har fleire og ulike innfallsvinklar.  Det er ein politiske delen som ordførarane må ta seg av. Offentlentleg forvaltning har ei viktig rolle i mange samanhengar. Alt dette må innbyggjarane i kommunane og andre må forholda seg til.
 
Det er innført «Forskrift om soner ved påvising av Chronic Wasting Disease (CWD-sone)» berører 6 kommunar (heile eller delar av kommunen).  Når det gjeld kartleggingsområde for anna hjortevilt (elg og hjort) omhandlar det 15 kommunar. 
 
Miljødirektoratet og CWD koordinator hadde planlagt 4 møter der fokuset var på hjort og elg i kartleggingsområde i mars og april, men på grunn av Corona viruset måtte det som det meste her i landet avlysast no. Det er tanken å ta dett oppatt når ting roar seg. Mykje av den informasjonen som var plan for desse møte vert lagt ut på forskjellige media.
 
Resultat av jakt på elg og hjort 2019
I mai 2019 la NINA fram ein rapport om bestandsreduksjon av elg og hjort i kartleggingsområde rundt Nordfjella. (15 kommunar). Der var det lagt fram forslag til korleis ein skulle nå måla om ei halvering av bestandane ein hadde i 2016 i løpet av 2 år.  Resultatet frå fyrste året vert rapportert frå NINA om ikkje lenge. Resultatet av jaktsesongen 2019 ligg no føre frå 14 av 15 kommunar. Det er felt 1291 elg og 1296 hjort i kartleggingsområde. Meir detaljert fellingsresultat finn ein her 
 
Alle 20 hjortane som vart merka i 2018 har no mista klavane eller blitt skotne under jakta. Dei som har mista klaven har øyremerke igjen. Meld gjerne i frå om nokon observerer dyr med klave eller klype. Miljødirektoratet har gjennom NIBIO bestilt merking av 20 nye dyr fordelt på 2020 og 2021. Dette arbeidet er komme i gang. Plan er å merka 10 nye hjort våren 2020. 
 
Villrein 2020

Ingen nye positive tilfelle på villrein er registrert i 2019. Det er no ca. 86 % sikkert at dyra i Sone 2 og på Hardangervidda er friske.  Med ei god jakt i 2020 håpar ein å få større sikkerheit for at stamma er frisk. Kvotar for årets jakt skal vedtakast i løpet av april. Det praktiske arbeidet her er det villreinnemnda og villreinutvalet som står for. Nye modellberekningar kjem frå Vetrinærinstituttet. Det har no gått 2 år sidan siste positive dyr vart felt i Nordfjella sone 1.  Ein gjennomgang av Reetableringsplan frå 2017 er planlagt å starta opp i løpet av året. 

 
Fleire nye rapportar kjem i løpet av dei neste månadane.
       

Beitenæringa
2019 var ein beitesesong der det ikkje var tillate å legge ut saltslikkesteinar til beitedyr, men berre bruke laussalt. I november 2019 vart det halde eit evalueringsmøte med Mattilsynet og beitelaga innanfor område til soneforskrifta. Konklusjon på møte vart at forskrifta må endrast til neste beitesesong, og at det må setjast krav til korleis ein salteplass skal fungere. Denne forskrifta er no vedteken.
 

 
Alle beitebrukarane som er registrert med salteplassar som er avskjerma med grinder. Har no fått tilbod frå Mattilsynet om å ta tilsyn med salteplassane i beiteperioden mot økonomisk vederlag. Vederlaget ligg mellom 2000 – 4000 kr. pr. år alt etter kor langt frå veg salteplassane ligg. Dette vil redusere Mattilsynets sitt behov for bruk av helikopter som det kom reaksjonar på i fjor.
 
Tiltak for oppveksande ungdom

I eit fjell utan villrein (Sone1), er den oppveksande ungdom avskriven frå å få kunnskap om villrein, forvaltning og jakt frå foreldregenerasjon. Det er desse som skal forvalte villreinen i område når den er tilbake. I den samanheng er det planlagt eit undervisningsopplegg for skulane i område. Det er retta mot elevar i 6 klasse. Skulane vil få eit besøk i slutten av mai der ein vil fortelje om villrein. Vidare vert det i slutten av august arrangert ein dag i felt der opplegget er informasjon om leveområde, fangst metodar, utnytting av reinsdyret (mat, skinn, gevir mm.)  Dette arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu og CWD koordinator.

 
 
Administrasjon
Det er halde jamlege møte mellom Miljødirektoratet og Lærdal kommune i samsvar med inngått tjenestekjøpsavtale. Hovudtema på møta er erfaringsutveksling og statusoppdatering. Eit viktig tem som vart drøfta på siste møte i februar, er arbeid med gjennomgang av reetableringsplan frå 2017.  Frå administrasjonen vert det og jobba med å få på plass auka ressursar innan forvaltning av elg- og hjortestammane.
 
 
Politisk arbeid
Nordfjellarådet utpeikte i 2017 eit Arbeidsutvalet (AU). I 2019 var det utvida til at ordførarane i alle kommunane deltek. Tidlegare ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim, har vore leiar i AU. Etter valet i 2019 vart det skifte av ordførarar i 3 kommunar. På møte i AU 27 februar vart, Hans Petter Thorbjørnsen, Ulvik, valt til ny leiar med Solveig Vestenfor, Ål, som nestleiar. I tråd med inngått intensjonsavtale mellom Nordfjellakommunane og nasjonale myndigheiter, er det lagt opp til to årlege møter på departementsnivå (Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og mat departementet). Siste møte var 16.12.2019. Eit viktig politisk arbeid som ikkje er avklart, er ferdigstilling av Program for kampen mot skrantesjuke. Utfordringa her er styring og økonomi. 
 
 
Under desse linkane vert det lagt ut informasjon om skrantesjuke.
https://www.hjortevilt.no/skrantesjuke/

https://www.hjortevilt.no/supermobile-jegere-i-skrantesykens-tidsalder/

https://www.hjortevilt.no/kartlegging-av-skrantesjuke-i-2020/ https://www.hjortevilt.no/sju-av-ti-stottet-myndighetenes-avgjorelse-om-a-felle-villreinstammen-inordfjella-grunnet-skrantesjuke/

https://www.hjortevilt.no/okt-sannsynlighet-for-frisk-villrein/
 
 
 
Lærdal 26.3.2020 Lars Nesse CWD-koordinator

Sist endra 01.04.2020