Statsforvaltar Liv Signe Navarsete og tre frå leiinga hos statsforvaltaren vitja Ulvik torsdag 27. september.
Med ankomst onsdag kveld fekk dei oppleve nydeleg mat og opphald på Brakanes hotel. I møte med heradet vart viktige tema som kommuneøkonomi, nærings- og samfunnsutvikling, beredskap og planarbeid drøfta. Statsforvaltaren er godt kjend med utfordringane både i høgfjell og ved fjorden. Ho fekk likevel med seg oppdatert og nyttig informasjon heim att.
Oppsummeringa hennar frå møtet var "De har god orden i eiga hus og mykje god kompetanse"
Det vart og tid til ein tur innom turistkontoret og Syse glas, før dei avslutta med frukt- og siderruta og lunsj på Syse gard. Takk for besøket!