Starta i allmennmedisin utan etableringskostnad?

Stetoskop - Klikk for stort bilete Fastlege med fastløn, 100% stilling ved Ulvik kommunelegekontor er ledig snarast. 

Søknadsfrist: 04.05.2018

Kontoret har 2 kommunelegar og turnuslege (2 dagar i veka, vi deler med nabokommunen).  Hovudinnhaldet i jobben er kurativt og allsidig allmennlegearbeid saman med erfaren kollega. Legane deler på kommunale oppgåver som helsestasjon, skulehelseteneste, sjukeheimstilsyn.

Legevaktordninga er interkommunal, 10-delt, lokalisert på Voss i tilknytning til akuttmottak ved lokalsjukehuset. Pendleavstand frå Voss er kort (40 min), om du har lyst til å bu der.
Treng du meir informasjon? Kontakt kommuneoverlege Unni Solem, tlf 40007135.

Vi tilbyr

  • eit hyggeleg arbeidsmiljø med gode system for tverrfagleg samarbeid i liten kommune med god oversikt. Kontoret har 1,6 legesekretærstilling, er samlokalisert med helsesøster, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar.
  • Fastløn etter avtale, elles gjeldande tariffavtalar.
  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
  • Felles «Smågruppe» med kolleger frå nabokommunar 1 gong i månaden, integrert i arbeidstida
  • Fantastisk natur til alle årstider

 

Du må ha norsk autorisasjon og ha gjennomført turnus eller ha tilsvarande arbeidserfaring, samt ha gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg (minimum nivå B2).  Politiattest er eit krav før tilsetjing.

 

Send søknad elektronisk via heimesida til Ulvik  Saksnr. 17/702 innan 04.05.2018.
eller på e-post til:  postmottak@ulvik.kommune.no

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 22.03.2018