Spelemidlar - Søknadsfrist 1.november

Fotball - Klikk for stort bilete

Kommuner, idrettslag og andre sammanslutningar kan søkja om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlane skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å driva idrett og fysisk aktivitet. 


 

 Kva kan du søkja om?

  • Nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett.
  • Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktiviteter i tilknytning til buområder)

Målgruppe

  • Kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap (med idrett som føremål) kan søkja om spelemidlar.
  • Vellag og burettslag kan søkja om nærmiljøanlegg.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for tildelingar i 2022 er 1.nov.

Søknadsskjema

På anleggsregisteret.no finn du fyldig informasjon om tilskotsordninga. Her finn du og nødvendig informasjon om prosedyrar, regelverk og vilkår for å kunne få tilskot  

Døme på informasjon du finn der:

  • Vilkår og krav til søknaden
  • Søknadsprosessen
  • Søknadsskjema
  • Dokumentasjonskrav
  • Vedleggsmalar med meir

Sjå også:

Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (PDF, 748 kB)

 

Sakshandsaming

Søknaden vert sendt elektronisk til kommunen, som går gjennom søknaden og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer i form av eit politisk vedtak. Søknadane vert sendt vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen hentar inn dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter vert det fatta eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å retta deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Dersom de skal i gang med ny søknad, ta kontakt med Ulvik herad fyrst. 
Sakshandsamar: anne.marit.lekve@ulvik.kommune.no

 

Klage

Du kan klaga til fylkeskommunen innan tre veker frå motteke vedtak. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du spørja kommunen eller fylkeskommunen. Opprettheld fylkeskommunen si avgjersle, vert saka sendt vidare til Kulturdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 07.10.2021