Sommarjobb i Ulvik herad

Ønskjer du sommarjobb i Ulvik herad? Me har fleire ledige stillingar.

Søknadsfrist for alle stillingane er 4. mars 2024

Søkjarar mellom 16 - 30 år vert prioritert.

Om du ønskjer søkja på fleire einingar, set du opp prioriteringsliste i søknaden.

Sommarvikar på Ulvik turistkontor

3 ledige 50 % stillingar som sommarvertar ved Ulvik turistkontor
Tidsrom: 20. juni – 20. juli
                20. juli – 20. august

Det er ein føresetnad at du jobbar heile den perioden du søkjer om.
Du bør ha god lokalkunnskap og snakke godt engelsk i tillegg til norsk. Aldersgrense 16 år.

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med Nærings- og reiselivssjef
Mona H. Hellesnes, mobil: 40007196 eller epost: mona.hellesnes@ulvik.kommune.no

Søk elektronisk og merk med saksnr: 24/122.
Søknadsfrist: 4. mars 2024

Søknadsskjema

Sommarvikar ved Plan og samfunn

4 sommarvikarar på utedrift: 
Tidsrom: 20. juni – 14. juli 
                17. juli – 18. august
2 personar 20. juni-14. juli
2 personar 17. juli – 18. august 

2 sommarvikarar på reinhald:
Tidsrom: 26.juni - 14.juli. 
Aldersgrensa: 16+, førerkort B er ønskelig

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med Kommunalsjef Plan og samfunn
Trygve Vik, mobil: 40007186 eller epost: trygve.vik@ulvik.kommune.no

Søk elektronisk og merk med saksnr: 24/125.
Søknadsfrist: 4. mars 2024

Søknadsskjema

Sommarvikar i Ulvik barnehage

3 ledige 100% stillingar som ferievikar i Ulvik barnehage
Aldersgrense: 18 år.
Tidsrom: 8. juli – 12. juli
                5. august – 9. august

Arbeidsoppgåver
Praktisk omsorgsarbeid i barnehage med barn i alderen 1-5 år.

Me ynskjer fylgjande kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar som sjølvstende, fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
Må kunna kommunisera godt med barn. Gjerne erfaring frå arbeid med barn i barnehage eller skule. 
Du likar og har helsa til å vera aktiv saman med borna, både ute og inne.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med Barnehagestyrar
Sonja Haugland, mobil: 40007140 eller epost: sonja.haugland@ulvik.kommune.no

Søk elektronisk og merk med saksnr: 24/127.
Søknadsfrist: 4. mars 2024

Søknadsskjema

Sommarvikar ved Ulvik omsorgstun

Tidsrom: 26.juni – 13. august

Interessert i ein meiningsfull sommarjobb i nye flotte lokalar på Ulvik omsorgstun?
Me treng sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, nattevakt og kokkeassistent. 
Storleik på stilling og lengd på vikariat kan tilpassast. I  vekene 26-31 vil det bli høve til full stilling. 
Me ser etter deg som er omsorgsfull, ansvarsbevisst og flink med folk.  

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med Kommunalsjef Helse og velferd
Torstein Hellesnes, mobil: 40007136 eller epost: torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no

Søk digitalt og merk med saksnr: 24/126.
Søknadsfrist: 4. mars 2024

Søknadsskjema

Til toppen