Seniortreff torsdagar

Me har gleda av å invitera til seniortreff for alle heimebuande over 67 år!

 

Seniortreffet startar opp att torsdag 31 august, kl. 11-14, og går fram til jul.

Kaffimat kr. 20,- betalast i kantina.

 

Middag i kantina

Kl. 13 er det middag i kantina på Omsorgstunet for dei som ynskjer det. Prisen for middag med dessert er 100 kr.

 

Transport

Heradet ordnar med skyss til og frå seniortreffet for dei som treng det. Gje beskjed om du treng skyss ved påmelding.

 

Påmelding

Påmelding til Ulvik Omsorgstun, tlf. 56527080 innan kl. 15.00 dagen i forvegen. Telefon er open for påmelding frå kl. 09.00 – 15.00 på kvardagar. Gje beskjed ved påmelding om du treng skyss, og om du ynskjer middag.

Til toppen