Seniortreff på Ulvik Omsorgstun

kaffekopp.jpg - Klikk for stort bilete  Ulvik herad inviterer til seniortreff på Omsorgstunet for alle heimebuande over 75 år. Fyrste seniortreff etter sommaren er planlagt torsdag 26. august. Denne dagen kjem fysioterapeut. Det blir tips om daglege øvingar, sosial prat og deretter middag for dei som ynskjer det.

 

Torsdag 26. august kl. 11.00 - 14.00.

Torsdag 02. september kl. 11.00 - 14.00

Torsdag 09. september kl. 11.00 - 14.00

 

Smittevern
Me held oss til gjeldande smitteverntiltak til ei kvar tid. Me vil oppmoda om god hand- og hostehygiene. I tillegg ber me om at de held dykk heime dersom de skulle få symptom på luftvegsinfeksjon eller har vore i kontakt med nokon som nyleg har fått påvist covid-19.

 

Middag i kantina
Kl. 13 er det middag i kantina på Omsorgstunet for dei som ønskjer det. Prisen for middag med dessert er 100 kr.

 

Transport til og frå seniortreffet
Ulvik herad ordnar med skyss til og frå seniortreffet for dei som treng det. Gi beskjed om du treng skyss ved påmelding. 

 

Påmelding

Påmelding til sentralbord Ulvik Omsorgstun tlf. 56527080 innan kl. 15.00 dagen i forvegen. Gje beskjed ved påmelding om du treng skyss, og om du ynskjer middag.

Publisert av Beate Frøystein. Sist endra 09.07.2021