Seniortreff på Ulvik Omsorgstun, oppstart 25.08.2022

Me har gleda av å invitera til seniortreff for alle heimebuande over 67 år. Me ynskjer gjerne innspel på program til seniortreffa.Byrse haust - Klikk for stort bilete 

Tid: Torsdagar (oppstart torsdag 25.08.2022)

Tid: Kl. 11.00 - 14.00  

Middag i kantina

Kl. 13 er det middag i kantina på Omsorgstunet for dei som ynskjer det. Prisen for middag med dessert er 100 kr.

Transport til og frå seniortreffet

Ulvik herad ordnar med skyss til og frå seniortreffet for dei som treng det. Gje beskjed om du treng skyss ved påmelding. 

Påmelding

Påmelding til sentralbord Ulvik Omsorgstun tlf. 56527080 innan kl. 15.00 dagen i forvegen.

Telefon er open for påmelding frå kl. 09.00 – 15.00 på kvardagar. Gje beskjed ved påmelding om du treng skyss, og om du ynskjer middag.

Smittevern

Me held oss til gjeldande lokale og nasjonale regler og anbefalingar for smittevern under arrangementet.

Til toppen