
1. Snakk med ungdomen din
Ha samtalar om konsekvensar av å nytta rusmidlar, slik at det er lettare for dei å ta gode val.
2. Våg å vera kjip – set grenser
Ungdomar som veks opp i familiar med klare reglar, drikk mindre og er meir forsiktige.
3. Ikkje gje barnet ditt alkohol
Tenåringar som får alkohol av foreldra sine, drikk ikkje mindre. Tvert imot kjem det i tillegg til alkoholen dei sjølve får tak i.
4. Snakk med andre foreldre
«Alle andre» får sannsynlegvis ikkje lov. Avtal felles reglar med andre foreldre.
5. Ver tilgjengeleg – fylg med og fylg opp
Avtal innetid og tilby å køyra og henta. Ver tydeleg på at ungdomen kan ringja dersom noko skulle skje.
6. Politiet på Voss seier fylgjande:
– Lovverket seier at born under 15 ikkje skal opphalda seg på offentleg stad utan vaksne etter klokka 22.
– Ungdom 15–18 år bør ikkje opphalda seg på offentleg stad utan vaksne etter klokka 24.
– Born i barneskulealder bør ikkje opphalda seg på offentleg stad utan vaksne etter klokka 20.
Kjelde: SLT-gruppa i Voss herad