Sosiologen, psykoanalytikaren og filosofen Erich Fromm (1900-1980) var ein leiande tenkjar og offentleg stemme i det 20. hundreåret. I bøker som “Flukten fra friheten”, “Det sunne samfunn” og “Om kjærlighet” analyserte han korleis det moderne samfunnet forandrar måtane me forstår oss sjølv - og forheld oss til kvarandre. Fromm hevda at kjærleik var nødvendig for å hindra menneskja frå ei ny historisk katastrofe. “Om kjærlighet” (1956) er hans mest kjente verk – som har selt meir enn 25 millionar eksemplar.
Fromm meinte at det moderne samfunnet gjer det vanskelegare for menneske å finna varige former for kjærleik – fordi me gløymer at kjærleiken er ei aktiv handling. Kva kan me læra i dag av å lesa Fromms tankar om kjærleiken?
Aslak Hjeltnes er professor ved institutt for klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen, og har skrive innleiande essay til fleire nyutgivingar av Fromms bøker.
Fri inngang.
Aslak Hjeltnes
Foto: Kristian Hereid
Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune.