Revisjon av konsesjonsvilkåra for Eidfjord-Nord (Lang-Sima)

info - Klikk for stort bilete

 NVE har opna vilkårsrevisjon for Eidfjord-Nord utbygginga. Ulvik herad har gitt fråsegn til revisjonen jf. Heradsstyre vedtak av 20.04.2016. (Sjå her.)

Eventuelle tilleggs krav/ynskjer kan ettersendast til NVE, helst innan årsskiftet 2017-2018. Hovudføremålet med revisjonen er å betre miljø- og natureffektar av utbygginga.
Revisjonen omfattar ikkje sjølve reguleringa med magasin og reguleringshøgder og rett til bortføring av vatn, og heller ikkje økonomiske og privatrettslege forhold. Men revisjonen opnar for å sjå på miljøvilkår i form av m.a. manøvreringspraksis, minstevasslepp, biotopjusterande tiltak og utsetjing av fisk.
Krav/ynskjer til revisjonen bør vere så konkrete som mogeleg, og helst opplista i prioritert rekkefølgje.

 

Ulvik herad er ope for innspel på kravpunkt utover det som alt er nemnt i heradsstyrevedtak av 20.04.2016. Innspel sendast til postmottak@ulvik.kommune.no. Det er òg høve til å fremja krav direkte overfor NVE.

 

Gjeldande konsesjon for statsreguleringa Eidfjord-Nord finn de her:

https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=371&type=V-1

https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=363&type=V-1

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 18.12.2017