Reise- og næringslivet i Ulvik

  Saman for reise-og næringslivet i Ulvik!

Næringslivet og heradet har gått saman og sett ned ei raskt arbeidande arbeidsgruppe som skal jobbe fram gode løysingar for å marknadsføre Ulvik som destinasjon, med særleg fokus på årets norske feriereisande.

Me kjem til å jobbe raskt og vil gjerne ha innspel og tips om det du er oppteken av å få fram. 

Me kjem i første omgang til å prioritere digitale reklameløysinger og -video og mellom anna fornye nettportalen VisitUlvik. Det vil verta leigd inn profesjonelle aktørar til dette arbeidet. 

Me vil be heradet om ekstra løyving, og me vil og sjå på andre mogelege finansielle kjelder. 

Arbeidsgruppa består av:

- Ingrid Prestegard: ingrid@fjordtindhotels.no

- Geir Netland: geir.netland@haugesenteret.no

- Torbjørg Austrud: torbjorga@ulvik.org

- Thore Hopperstad: thore.hopperstad@ulvik.kommune.no

- Vibeke Korsnes: ulvikturist@ulvik.org

 

Send dine idéar og forslag til næringslaget eller til ein i arbeidsgruppa.

Sist endra 21.04.2020