Regionskoordinator i 50 -80 % stilling

Ledig stilling - Klikk for stort bilete  For å koordinere samarbeidet i regionen har me ledig fast stilling som regionskoordinator får 01.03.2021.

 Informasjon om stillinga

Regionskoordinator er pådrivar for utviklingsarbeid og kompetanseheving i regionen. Koordinator har ansvar for å koordinere

nasjonale føringar til Hardanger/Voss Kompetanseregion. Dette skal gjerast saman med dei øvste leiarane innan oppvekst i

dei fem samarbeidskommunane - styringsgruppa. Koordinator har vidare ein aktiv rolle inn mot øvrige samarbeidsgrupper i

regionen. 

 

Stillinga vil innebera reiseverksemd i heile regionen. Det kan vera aktuelt å

kombinera koordinatorstillinga med anna arbeid i ein av samarbeidskommunane.

 

Dine kvalifikasjonar

- Relevant høgare utdanning med formell kompetanse innan skule eller barnehage

- Erfaring frå å leia utviklings- og endringsarbeid

- God kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne frå oppvekstsektoren

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne

- Leiarerfaring eller utdanning er ein fordel

- God kompetanse innan IT

- Førarkort

 

Vi ynskjer ein person som :

- Er sjølvstendig og initiativrik

- Er strategisk, strukturert og målretta

- Har evne til å skape og oppretthalde nettverk

- Er motiverande og nytenkjande

- Byggjer kultur for samarbeid og har gode samhandlingseigenskapar

 

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar

 

Hugs å gje opp referansar

 

Tilsetjingsvilkår

Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad i ein av samarbeidskommunane

Nynorsk vert nytta som skriftspråk

 

Søknad

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad,

boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det

svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

 

 

Søknadsfrist    03.12.2020                                 Utlyst dato        19.11.2020                           Vårref                  2707/20 FM

 

Kontaktperson

Frode Monsen, Kommunalsjef, mobil: 41122432, frode.monsen@voss.herad.no

Åshild Søvik Underdal, regionskoordinator, mobil: 99352975, ashild.underdal@voss.herad.no

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 20.11.2020