Pulsen på utviklingsprosjektet for Nav og kommunane i region Voss og Hardanger

nav  - Klikk for stort bilete  

Etter fleire månader i heimekontor der aktivitetane i analysefasa blei gjort digitalt, kunne ein endeleg møtast igjen for workshops.

Som ein del av analysefasa har me no avvikla 4 worskhopar der tilsette frå alle kontor i regionen har delteke.

«Eg har haldt pusten nokre veker, for det har vore ustablit når det gjeld Korona. Blussar det opp igjen? Blir nokon smitta? Tør tilsette å delta og held me som skal leia workshoppane oss friske? Heldigvis har me no kome oss igjennom og det har vore knallkjekt å møta kolleger igjen, utanfor pc skjermen. Gode diskusjonar og mykje læring og interessante funn har kome fram i jobbinga. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore gode. Dette har vore kjekt og ikkje minst har det vore godt å sjå kollegaene igjen i eigen person», seier Laila Thorsen, prosjektleiar for utviklingsprosjektet.

 

Intervju/samtalar med arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar er det som gjenstår i analysefasa.

Analyserapporten skal leggjast fram på neste møte i styringsgruppa 29.september i Kvam.

Sist endra 01.09.2020