Pressemld. Hardangerrådet

   Pressemelding om tiltak og arbeid i Hardangerregionen ifm koronakrisa  

Hardangerrådet og Team Hardanger med næringshagane samarbeider no tett for å støtta næringslivet i Hardangerregionen gjennom denne krisa som råkar alle på ein eller annan måte. Målet er å koma ut sterkare enn før.  Regionalt samarbeid er no viktigare enn nokon gong, det gjev oss kunnskap og balanse til å våga å  ta gode avgjerder for korleis vi best kjem igang att når verksemdene skal starta opp.  
 
Det er krevande prioriteringar som må til, og nokon har større utfordringar enn andre. Samstundes kan ikkje kommunane tøma alle fonda med ein gong, då står ein tomhendt tilbake når nye behov for støtte kjem seinare. For det veit ein, at næringslivet vert hardt råka av denne nedstenginga og at tidspunktet for verknader for næringslivet er ulikt. Dei fyrste som fekk verknader var verksemdene som styresmaktene stengde ned.  Neste er truleg reiselivet og handelsnæringa som vil tapa stor omsetnad gjennom sommarsesongen. Industrien i Hardangerregionen vil truleg kunne merka verknader utover hausten. 
 
Kommunane sjølve er også hardt ramma økonomisk med høgare kostnader og sterkt reduserte inntekter. Det er ikkje berre å ta bort alle avgifter, kven skal då betala for tenestene til innbyggjarane ? 
 
Me forventar hjelp frå staten, og det kjem. Vår jobb ilag er å samla inn all informasjon og kunnskap, og så dela den ut igjen. Eit tiltak her er å tilby rettleiing til lokalt næringsliv. 
 
Næringshagane i regionen vår har gjennomført ei ​spørjeundersøking​ i næringslivet om situasjonen, behov og tiltak. Det er mange som treng hjelp og mange forslag til korleis ein kan hjelpa dei råka verksemdene. Nokon forslag til tiltak er gjennomgåande i svara:  
 
Forventingar til kommunen:
➔ Bruk lokal handel
➔ Bruk lokale tenester
➔ Bruk lokale handverkarar
➔ Reduksjon og bortfall av offentlege avgifter, hjelp til lån og kontantstøtte er også behov her
➔ Ha fokus på å sikra arbeidsplassar
➔ Gjer det enklare for næringsdrivande
➔ Vera tydeleg i råd om smittevern
➔ Inviter til dialog, og spør kva kommunen kan bidra med
➔ At kommunane er oppdaterte på statlege krisepakkar, og hjelper lokalt næringsliv  
➔ Arbeida for at me er ein vital region med ei framtid når hjula kjem i gang att 
 
Andre kommentarar:
★ Me må dra lasset ilag - kommunen, næringa og folket
★ Utfordringane er mange og ikkje homogene. 
★ Fortset med fellesprosjekt mellom næring, administrasjon og politikarar
★ Kva kan lokalbanken gjera for samfunnet i desse tider?
★ Me treng handling NO!
★ Veldig bra at næringshagane med deira kompetanse kjem på banen! 
★ Me som bygd må klara å snu dette til noko positivt!
★ Nytta tida effektivt framover no når det vert lite turistar, til å utvikla produkta, stirydding, merking, rydda utsiktspunkt ol. 
 
Rettleiingstenesta er eit bidrag me set igang no. Næringshagane utfører rettleiingstenester for næringslivet. Terskelen skal vera låg og kunnskapen høg. Nokre av næringshagane er alt igang med gratis rettleiingsteneste.  Tilbodet gjeld for alle verksemder, ikkje berre dei som er tilknytta næringshagane. Næringshagane oppfordrar herved verksemder å ta kontakt. 
 
Det vil ha stor betydning lokalt når myndigheitene seier  det er greitt å reisa meir enn strengt nødvendig. Det er fyrst då aktiviteten for reiseliv og handel vil starta å ta seg opp. Dette skal me førebu oss på. 
 
Det er vanskeleg å førebu ein produksjon når ein ikkje veit premissane. No når f.eks frisørar kan opna, men ikkje veit kva smitteverntiltak som må overhaldast?  Kva økonomiske konsekvensar får det? 
 
Mykje står på spel no når mange aktivitetar er lagt på is eller avlyst. Det har også konsekvensar  for vår attraktivitet som region mht bulyst, tilflytting og økonomisk driftsgrunnlag for lokale verksemder. Denne delen av kulturen får lite stønad.  Me i Team Hardanger held  fokus. 
Sist endra 21.04.2020