PRESSEMELDING - NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK 31.01.2021

Coronavirus - Klikk for stort bilete

Det er stadfesta 3 nye tilfelle av Covidsmitte i Ulvik i dag, dvs at det er 9 personar som er smitta og satt i isolasjon. Alle smittetilfella er relatert til kvarandre og har kjend smitteveg.

Heile barnehagen, 4 avdelingar, er satt i karantene. 

Sju klassar ved Brakanes skule er satt i karantene. På bakgrunn av dette er det beslutta at alle elevane skal ha digital undervising neste veke.

Det vil bli gjennomført testing av barn og elevar mandag – torsdag komande veke. Eidfjord kommune skal bistå oss i dette arbeidet, slik at me får testa flest mogleg på kortast mogleg tid.

Smittevernoverlegen har innført Lokal smittevernforskrift som vil gjelda frå 1. februar og til og med 7. februar i første omgang (PDF, 205 kB). Forskrifta seier blant anna at all organisert trening utgår dei neste 7 dagane, treningssenter og andre aktivitetslokaliteter held stengt. Kinoen held stengt, biblioteket er stengt for besøkande (men det kan gjerast avtale om utlån av bøker). Det er påbod om munnbind når ein skal på t.d. butikken. Det skal nyttast heimekontor når det er mogleg, og det er arbeidsgjevar som skal gjera denne vurderinga. Det vil bli innført raudt nivå på Hjeltnes produksjonsskule, fagskulen og vaksenopplæringa skal ha digital undervisning og ikkje fysisk oppmøte. Me vil oppmoda alle om å lesa den lokale smittevernforskrifta og overhalda karantene- og isolasjonsreglane. Heradet vil senda ut jamleg oppdatering.    

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar i Ulvik

Sist endra 31.01.2021