Preinvitasjon: Hardangerviddakonferansen 2019

hardangerviddatunnelene rein vidde.jpg - Klikk for stort bilete  Hardangerviddatunnelene as er interesseselskap for bygging av tunellar på rv 7 

Hardangervidda. Tunellar vil sikra vinterregulariteten og trafikktryggleiken for 
vegtransporten og vil gje villreinen tilbake areal ved tunellovergangar i sine naturlege 
trekkruter. Vinn-vinn for alle viddabrukarar. 
Den 3. Hardangerviddakonferansen «Rein Vidde» vert halden på 
Vestlia Resort, Geilo, 1.-2. april 2019 , lunsj-til-lunsj-konferanse. 
 

 Temaet dette året er: 

Rv 7 Hardangervidda -Hovudvegen aust-vest for Reiseliv og Persontransport.
 

Innunder dette temaet vert tatt opp: 

Funksjonsfordelinga mellom rv 7 og rv 52 som hovudvegar aust-vest. 
- Konsept K2 - dei 5 tenkte tunellane for Rv 7 Hardangervidda. 
- Ny Transportanalyse for Rv 7 Hardangervidda og fjellovergangane aust-vest.
- Rv 7 Hardangervidda si rolle for norsk reiseliv. 
- Rullering av Regional Plan for Hardangervidda - villreinforvaltninga. 
- Politiske føringar og lovnadar for tunnelar på Hardangervidda. 
- Vegen over Hardangervidda Eidfjord-Haugastøl er 90 år. 
 
Set av dagane og delta på ein viktig møteplass om framtida for regionane Hallingdal og Hardanger og fylka Vestland og Viken. 
 
Program og invitasjon kjem i månadskiftet februar/mars 2019. 
 
Eidfjord desember 2018 
 
Anved Johan Tveit
Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 02.01.2019