Oppstart skule

Til foreldre/føresette i 1.-10.klasse      

Elevane i 1.-4. klasse har no vore på skulen i 2 veker, og me på skulen synest det har gått veldig fint. Tysdag ynskjer me 5.-10. klasse velkomne tilbake til skulen. Me skal bruka måndagen til å gjera oss klare for å ta imot elevane på ein god og trygg måte, i tråd med smittevern-rettleiarane. Det er viktig at elevane held seg heime dersom dei ikkje er friske. Ved teikn på luftvegsinfeksjon skal dei vera heime ein dag etter at dei er symptomfrie.

 

Her kjem litt informasjon om korleis me organiserer skuledagane framover.

Rettleiar om smittevern

Det er publisert nasjonal rettleiar for grunnskulen: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

 

Her kan de lese om kva retningslinjer skule og SFO har for smittevern ved gjennomføring av skulekvardagen framover. Smittevern-tiltaka handlar m.a. om hygiene, personkontakt og reinhald, og involverer både elevar, føresette og tilsette. Me har god dialog med kommuneoverlege og helsesjukepleiar om smittevern, og me skal kunna ta imot borna på ein trygg og forsvarleg måte, både i skulen og på SFO. Rutinar for handvask er hengt opp på alle klasserom. Det same er generelle hygiene-reglar. Desse vert gjennomgått med elevane på tysdag. Alle elevar må vaska hender før dei reiser heimefrå. Dette er også det første som skjer når dei kjem på skulen.

 

 

Møtestad om morgonen/oppstilling:

1.kl. Utanfor SFO-inngangen, elevane vert møtt av Heidi eller Ingeborg frå kl. 08.20

2.kl. Utanfor hallen på oppmerka stad, elevane vert møtt av Ann Kristin, Bushra, AK eller Janne frå kl. 08.20

3.kl. Ved trappa utanfor klasserommet, elevane vert møtt av Marit, Sarita, Kitty eller Svanhild frå kl. 08.20

4.kl. På vegen attmed eika, elevane vert møtt av Elin, Silke eller Astrid frå kl. 08.20

5.kl. Utanfor hallen (merka område) elevane vert møtt av Anne-Marit, Silke eller Astrid frå kl. 08.20

6.kl. Hesteskoen (merka område) elevane vert møtt av Kristin eller Oddny frå kl. 08.20

7.kl. Utanfor hallen (merka område) elevane vert møtt av Lars, Thord eller Hege frå kl. 08.20

8.kl. Utanfor hallen (merka område) elevane vert møtt av Kyrre eller Marius frå kl. 08.20

9.kl. Hesteskoen (merka område) elevane vert møtt av Sigrun, Silke eller Anne frå kl. 08.20

10.kl. Hesteskoen (merka område) elevane vert møtt av Eivind, Marius eller Hege frå kl. 08.20

 

DEI TILSETTE MØTER ELEVANE PÅ OPPSTILLINGSPLASSANE OG GÅR INN ETTER TUR, NÅR DEI ER KLARE.

 

 

Kohort

På skulen har vi klassetal som gjer at vi kan organisera mange av klassane våre i ein kohort. Unntaket er 2.klasse, som me har delt i 2 kohortar. Det same har me tenkt å gjera med 6./7. klasse. 4. klasse var delt i to kohortar dei første to vekene, men har klassetal som tillèt dei å vera ein kohort – og går no tilbake til det.  Kohort er eit nytt omgrep i desse koronatider, og er rett og slett ei gruppe. Til kvar kohort har vi 2-4 vaksne som skal ha all undervisning og inspeksjon. Dette blir ikkje så stor skilnad på slik det er hjå oss til vanleg. Vi har eit mål om å ha færrast mogleg tilsette som er innom i mange klassar, og det fører til endringar på timeplanen til nokre klassar. Vi prøver også å ha vikarar, som held seg til berre 2 eller 3 klassar. Det er dei vaksne som flyttar på seg – ikkje elevane.

 

 

Skuledagen – rutinar for borna

• Klassane har fått tildelt faste område ute. I utetida kan det vera samarbeid mellom to klassar/kohortar. Elevane har også faste garderobeplassar, og eigne klassetoalett.

• Det vil vera auka grad av ute-undervisning i vekene framover i alle klassar. Det er difor viktig at alle elevar har klede som høver til litt uteliv kvar dag.

• Alle elevar må ha med seg matpakke og drikke. Dei som har tinga drikke på Skolemelk får dette frå 18.mai. Elevane et ved pulten sin i klasserommet/ev ute.

• Elevane har eigen iPad/PC, som dei vaskar av kvar dag, og dei har sine eigne bøker.

• Mobiltelefon skal liggja i mobilhotell gjennom skuledagen.

• Elevane har med eige pennalhus med skriveutstyr i.

• Elevane tar med seg skulebøkene og PC-en tilbake til skulen.

• Hugs allergimedisin for dei som er avhengige av dette.

• Smittevernrettleiaren legg opp til hyppig handvask. Resultatet av dette vert ofte turre hender. Det er lurt å ha med eigen handkrem for å bøta på dette.

 

 

Skuleskyss

Skuleskyssen går som normalt. Eg viser til informasjon frå fylkeskommunen - som ligg på its-learning.

 

Det er viktig at alle held seg oppdaterte på informasjon frå skulen. Denne vert i all hovudsak lagt på its-learning. Noko informasjon vil de finna på kommunen si heimeside.

 

Dersom de lurer på noko, er det berre å ta kontaktJ

 

Ulvik, 11. mai 2020

 

Mvh

Rigmor Hanssen, rektor

 

 

Sist endra 11.05.2020