Oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-8 vert det varsla om oppstart av arbeid med områderegulering for areala i «Holmen». Planområdet strekkjer seg frå reguleringsplanen for Hjeltnes, Aplabrotet og Tymberneset til bustadområde på Syselandet samt Snauholmen og omfattar gnr./bnr.: 

43/2, 43/3, 44/11, 44/12, 44/13, 44/21, 49/2, 49/4 I Ulvik herad 

Områderegulering Holmen . - Klikk for stort bilete

Formålet med områdereguleringa er å stadfesta dagens bruk, og ynskje om ny aktivitet og utvikling, i områda som Ulvik herad har overteke frå Hordaland fylkeskommune. Det gjeld I hovudsak gnr./bnr. 44/12 (om lag 15 daa) og 44/13 (om lag 16 daa)

Totalt er planområdet på om lag 170 daa
Det er vurdert at planen ikkje fell inn under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Grunneigarar vert varsla direkte.
 
 
Merknadar og innspel kan sendast til Ulvik Herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik , eller som e-post til: postmottak@ulvik.kommune.no innan 15.02.2020
Merk sendinga med: «19/450 områderegulering for Holmen»
 

Dokument: 

Kart alle planer Holmen  (PDF, 591 kB)

kommuneplan 2016-2028 arealdelen delkart 3 (PDF, 19 MB)

kommuneplan 2016-2028 arealdelen føresegner (PDF, 818 kB)

kommuneplan-vedtaksutgaave (PDF, 2 MB)

Møtebok 05.09.1985 (PDF, 69 kB)

Omriss av planområde (PDF, 148 kB)

Reguleringsføresegner og plankart for reguleringsplan for Holmen (PDF, 396 kB)

Reguleringskart  Holmen 28.08.85 teikning 2276-06 (PDF, 194 kB)

Reguleringskart omlegging av fylkesveg - Holmen (PDF, 188 kB)

Varsel om oppstart av planarbeid (PDF, 133 kB)

Vedtak- melding om oppstart planarbeid i Holmen (PDF, 4 MB)

Vurdering av konsekvensutgreiing (PDF, 133 kB)

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 23.12.2019