Oppdaterte tiltak i samband med besøk på Ulvik omsorgstun

Ulvik omsorgstun.jpg - Klikk for stort bilete  I samband med lokal smittevernforskrift er det oppdaterte tiltak om du vil på besøk på Ulvik omsorgstun.

· Det vert opna for besøk av 1-2 faste personar pr veke

· Besøkstida vert mellom kl 16:00 og 19:00

· Besøkande skal bruke inngang via verandadør direkte inn til pasientrom

· Bruk munnbind under besøk

· Sprit hender når du kjem og går

· Hald 1 meter avstand til bebuarane

· Alle besøkande skal være heilt friske

· Besøkande må sjølve skrive opp namn og dato på besøksregistreringsark for eventuell smittesporing.

· Hald god avstand til personalet.

 

Ring oss på tlf 56527080, om du til dømes har gløymd munnbind eller me må låse opp døra

Velkommen.

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 22.02.2021