Plan for vaksinasjon
Kommunen v/kommuneoverlegen har laga ein lokal vaksinasjonsplan.
Vi får melding 5 dagar før mottak av vaksinar, og desse må brukast innan få døgn. Difor skaffar vi på førehand oversikt (lister frå Folkeregisteret) over innbyggjarar >65 år. Det vert og gjennomført kartlegging og rundspørring til dei aller sjukaste og eldste om kven som ønskjer vaksine (m.a heimesjukepleien sine brukarar).
Vi har like før jul fått melding om at vi får 5 vaksinedosar kvar veke frå veke 1 i 2021. Sjukeheimspasientane vert vaksinerte i veke 1-3, og dei får sin 2.dose innan veke 6.
Frå veke 4 kan vi vaksinera 5 nye personar kvar veke. Vi startar med dei som er 85 år eller eldre. Så går vi nedover i aldersklassane, frå starten av mars (litt raskare dersom vi får fleire vaksinedosar kvar veke). Alle som ønsker vaksine, må melda seg på og får seinare tildelt dag og klokkeslett.
Påmelding skjer til legekontoret f.o.m 4.januar 2021, tlf 56527037 (IKKJE bruk legekontoret sitt vanlege nummer til dette!) eller send e-melding via helsenorge.no for dei som vil nytta det.
Når vaksinen er motteken hjå kommunehelsetenesta, er han haldbar i få døgn. Det er difor SVÆRT viktig at alle møter til avtalt tidspunkt for vaksinering, slik at ingen dosar treng kasserast.
Helsing Kommuneoverlegen
(Oppdatert 04.01.2021)