Ombygging av Hjeltnes avløpsreinseanlegg - Endring av reinsetiltak.

Vinterlandskap  - Klikk for stort bilete

Varsel om endring av avløpsanlegg etter § 13-4, 2. ledd i «Forskrift om begrensing av forurensing».

Hjeltnes avløpsreinseanlegg avløpsreinseanlegg stettar korkje krav til utslepp eller HMS. Ulvik herad har til hensikt å sanere reinseanlegget og etablere reinsetiltak ved sedimentering (slamavskiljar), slik at krav i forskrifter vert stetta. Utsleppsanlegg (utsleppsleidning og endepunkt for denne) vert ikkje endra. På vegen av heradet skal Norconsult varsle og utarbeide søknader i samband med endring.

Ny slamavskiljar vert dimensjonert for 1250 personekvivalentar (PE), med gjennomsnittleg opphaldstid for spillvatnet på om lag 10 timar i slamavskiljaren. Det er teke høgde for at fleire abonnentar kan knyte seg til offentleg avløpssystem i framtida, samt belastinga frå turistnæringa om sommaren. Det vert nytta eksisterande leidningsanlegg for tilførsel og utslepp (ikkje endring på desse).

Dagens reinseanlegg vert rive og det vert etablert eit eige bygg ved slamavskiljar, for å reinse avgassar/lukt frå avløpsreinseanlegget. Anlegget vert også tilrettelagt for prøveinnsamling slik at heradet kan dokumentere kvalitetskrav for utsleppsvatn/reinseeffekt.

Dersom de har fråsegner omkring endring av reinsetiltak ber ein om at desse vert retta til Ulvik Herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik, merkt ”Merknad utslepp Hjeltnes”. Eventuelle fråsegner må vere heradet i hende 4 veker etter at varsel er sendt ut. Det vil parallelt verte utsendt varsling/søknadsprosess etter Plan og Bygningslova for tiltaket. Eventuelle spørsmål kan rettast til Norconsult ved Stein-Tore Sørland (stein.tore.sorland@norconsult.com ev mobil 45 40 45 19), eller til kommunens prosjektleiar som er Milos Cemivic (milos.cemovic@ulvik.kommune.no ev telefon 56 52 7045).

 

kartutsnitt hjeltnes reinseanlegg - Klikk for stort bilete

Figur 1. Kartutsnitt med plassering av Hjeltnes avløpsreinseanlegg. Rød pil peiker på dagens reinseanlegg som skal rivast, grøn pil peiker på utsleppsleidning som behaldast, grått område er omlag plassering av slamavskiljar (under bakken) og blått område er om lag plassering av nytt overbygg. Endringar i bygningsmessige forhold varslast parallelt jf. PBL.

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 10.03.2017