OBS! Søknadsfrist 15 april - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

ulvik_vaapen.jpg- fin - Klikk for stort bilete

Ulvik herad har fått tildelt kr 308.000 gjennom ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med denne ordninga er å hjelpa dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Du kan søke dersom du fell inn under ei av desse ordningane:

 
  • ​Bedrifter om heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga
  • Lokale verksemder som er hardt ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserar lokale verksemder sine kostnader eller tap som fylgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Destinasjonsselskaper og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.
Ordninga gjeld for 2021. Søknaden må sendast gjennom regionalforvaltning Søknadsskjema

​Har du spørsmål kring ordninga, ta kontakt med  nærings- og reiselivssjef Mona H.Hellesnes

eller sakshandsamar Anne-Marit Lekve

Søknadsfrist 15. april

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 12.04.2021