Nye nasjonale råd og tilrådingar frå 14. januar 2022

 

 

Dei nye nasjonale råda og tilrådingane gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar, og fram til ny vurdering i starten av februar. 

Generelle smittevernråd
•    Praktiser god hand- og hostehygiene
•    Vaksiner deg
•    Hald deg heime ved sjukdom
•    Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegsymptom

Avstand og sosial kontakt
•    Hald 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemar og tilsvarande nære
•    Tilråding om 1 meters avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule, og vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper
•    Alle bør tenkja gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett. Tilråding om å redusera tal nærkontaktar, men ikkje isoler deg
•    Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand. Barnehagebarn og barneskuleelever (eigen kohort) er unntatt fra tilråding om antallsavgrensing
•    Tilråding om å treffa andre utandørs når det er mogleg
•    Tilråding om å unngå handhelsing
•    Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør skjerma seg, men bør likevel ikkje isolera seg. 

Munnbind
•    Påbod om bruk av munnbind når det ikkke er mogleg å halda minst 1 meter avstand.

Nye karantenereglar
•    Nærkontaktar som er hustandsmedlem eller tilsvarende nær den smitta skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt. Desse skal så snart som mogleg testa seg med sjølvtest eller PCR-test. Ved et nytt negativt testresultat frå slik test tatt tidlegast 7 døgn etter nærkontakta, kan karantene avsluttast.
•    Karanteneplikt gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader.
•    Karanteneplikt gjeld heller ikkje personar som fekk oppfriskningsdose av vaksine minst ei veke før nærkontakt, og som testar seg dagleg med sjølvtest eller annankvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakt.
•    Øvrige nærkontaktar har ikkje karanteneplikt, men er tilrådd å testa seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5). Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar. Ved symptom: Hald deg heime, og test deg.

Organisert idretts- og  fritidsaktiviteter
•    Fritidsaktiviteter bør gjennomførast utandørs der det er mogleg.

Barn og unge under 20 år:
•    Utandørs aktiviteter kan gjennomførast som normalt
•    Tilrådd gruppestorleik innandørs ca. 20 personar eller etter klasse/kohort
•    Aktivitet innandørs kan gjennomføres med kontakt der det er nødvendig

Vaksne over 20 år:
•    Innandørs er det tilrådd maks 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det tilrettelegges for 2 meters avstand

Barnehager, skular og SFO
•    Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO. 
o    På bakgrunn av smittesituasjonen i Ulvik, vil me halda skule og barnehage på gult nivå  i perioden 14.01 – 30.01.
•    Nasjonal tilråding om grønt nivå i vidaregåande skular og i vaksenopplæring

Høgare utdanning
•    Høgskular, universitet og fagskular er tilrådd å tilretteleggja for meir fysisk undervisning

Arbeidsliv
•    Påbod om at arbeidsgjevar syt for at tilsette jobbar heimefrå om dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, blant anna aktvitet for å ivareta barn og sårbare grupper
•    Tilråding om 1 meters avstand
•    Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halda avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljeveggar eller liknande.

Serveringsstadar
•    Skjenkestopp frå kl. 23.00 på serveringsstadar med skjenkeløyve. Skjenking må skje ved borda.

For råd og reglar for arrangement, innreise og meir detaljert skildring av dei nasjonale tiltaka, sjå her.
 

Til toppen