NY INFORMASJON VEDRØRANDE COVID-SMITTE I ULVIK 29.01.2021

Coronavirus - Klikk for stort bilete Det er stadfesta 2 nye tilfelle av Covidsmitte i Ulvik i dag, dvs at det er 4 personar som er smitta og satt i isolasjon.

 

Alle smittetilfella er relatert til kvarandre og har kjend smitteveg. 2 avdelingar i Ulvik barnehage og 2 skuleklassar ved Brakanes skule er fortsatt i karantene, og desse barna pluss tilsette skal testast mandag og tysdag komande veke.

 

Ulvik herad held fortsatt på med smittesporingsarbeidet, og vil koma ut med ny informasjon når dette føreligg. Ulvik herad minnar om at karantenereglane skal haldast og oppmodar alle til å overhalda smittevernreglane.

 

 

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen 

Sist endra 29.01.2021