Ny Informasjon om feiegebyr i Ulvik herad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ulvik herad har i heradsstyret 15.12.2021 vedtatt at framlegg til endringar for feiegebyr for 2022, også skal gjelde frå 01.01.2021.


Dei nye feiegebyra er, gjeldande frå 01.01.2021:

Årleg gebyr for heilårsbustadar, inkludert mva:  
Heilårsbustad, feiing/tilsyn første pipe:                     612,50 kr

Tillegg heilårsbustad, to eller fleire piper, pr. pipe:   312,50 kr


Årleg gebyr for fritidsbustadar vert delt i to soner, inkludert mva:
Sone 1:           350 kr
Fritidsbustadar som ligg langs veg eller maks 250 meter frå køyrbar veg

Sone 2:           812,50kr
Fritidsbustadar som ligg meir enn 250 meter frå køyrbar veg.
 

Feiing av fritidsbustader vil for første gong bli utført i perioden 2022-2024. Praktisk informasjon om korleis dette vil bli utført, vil kome på www.ulvik.kommune.no på nyåret.

 

Det vil bli sendt ut fakturaer for feiing av både heilårs- og fritidshusvære i løpet av første halvår 2022 der tidlegare innbetalingar (2020 og 2021) vert avrekna mot nye satsar.

 

Heradet orsakar feilfaktureringa.

Til toppen