Namnekonkurranse: Har du eit namn til dagsturhytta vår?

dagsturhytte.jpg - Klikk for stort bilete

Dagsturhytta vår, her i Ulvik herad, kjem i september og vil sjå ut som på biletet. Og den treng eit namn!

Dagsturhytte 1.jpg - Klikk for stort bilete dagsturhytte 2.jpg - Klikk for stort bilete

Dagsturhytta skal plasserast i Åsen, langs skogsvegen ovanfor Hjeltnes Produksjonsskule.
Hytta skal vera open for alle 24 timar i døgnet, heile året gjennom. Ho er utstyrt med vedomn, sittebenkar inne og ute, hems, solcellepanel og eit lite nynorsk barnebibliotek.

Her kan du sitja ute og nyta matpakka di om vêret er fint, eller søkja ly inne og fyra i omnen om det regnar og er surt ute.

Men den fine hytta treng eit klingande fint namn!

Har du eit slikt namn på lur? Send det inn fortast mogleg og innan 15 april. Forslag kan sendast til anne.marit.lekve@ulvik.kommune.no

Tre namneforslag blir lagt ut på Facebook-sida til kommunen, der alle kan stemma fram det endelege namnevalet!

Kanskje vankar premie til vinnaren?

 

 

 


Beste helsing,

ordførar Hans Pette Thorbjørnsen

og

prosjektleiar for dagsturhytta, Anne-Marit Lekve

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 22.03.2021