Mona Haugland Hellesnes vert ny nærings- og reiselivssjef i Ulvik

fått av Tor 7. 20  - Klikk for stort bilete

Ulvik herad har tilsett Mona Haugland Hellesnes som nærings- og reiselivssjef i Ulvik. Mona tek til i jobben 1. oktober.

Mona Hellesnes kjem frå stillinga som dagleg leiar i Destinasjon Voss, der ho har jobba som dagleg leiar sidan 2016. Mona Hellesnes bur i Ulvik og har lang erfaring innan reiseliv og offentleg forvaltning.

Mona har utdanning innan reiseliv, leiing og administrasjon. Me gler oss til å få Mona med på laget, og ser fram til mykje godt utviklingsarbeid i åra som kjem.

Sist endra 02.07.2020