Melding om oppstart og høyring av Planprogram for utarbeiding av kommunedelplan for vatn, avløp og miljø – Ulvik herad 2022-2029

 

HØYRING 1 - Klikk for stort bilete

       

Ulvik herad ved Formannskapet gjorde på møte den 01.09.2021 følgjande vedtak:

FSK- 084/21:

  1. I medhald av plan- og bygningslova § 4-1 og § 11-13 vert framlegg til planprogram for kommunedelplan for vatn og avløp for Ulvik herad for perioden 2022-2029, lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.
  2. Det vert samstundes varsla oppstart og kunngjering av arbeidet med ny kommunedelplan for vatn og avløp, jfr § 11-14.

3.       Høyringsfristen vert sett til 19.11.2021.

Planprogrammet finn ein på Ulvik herad sin heimeside  https://www.ulvik.kommune.no/planar/andre-planar/

Eventuelle merknader til oppstartsmeldinga, eller innspel til planarbeidet, sendast til Ulvik herad, avdeling for plan, teknikk og eigedom, Skeiesvegen 5, 5730 Ulvik eller på epost postmottak@ulvik.kommune.no

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 05.10.2021