Me ynskjer natur-innspel!

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ulvik herad skal utarbeida kommunedelplan for naturmangfald. Planen skal gje eit heilskapleg oversyn over verdfulle naturområde og artar i kommunen, og gjera sitt til at denne kunnskapen vert tilgjengeleg for alle.

Heradet skal nytta planen som styringsverktøy i arealforvaltninga.

Dine innspel er viktige i arbeidet. Kva syns du er fin eller verdfull natur i ditt nærmiljø? Innspela treng ikkje vere fagleg forankra i vitskapleg kunnskap eller dokumenterte funn av art.

  • Kor likar du å gå på tur?
  • Kor er det særleg fint eller særleg trolsk?
  • Kva likar du å visa fram til besøkjande?
  • Kor er din favoritt bekk, juv, foss, myr, utsiktspunkt, vatn, tjern osb.?

Innspel kan også gå på spesielle tre, artar, observasjonar eller geologiske fenomen og liknande.

Alle innspel vert teke imot med takk!

Gje dine innspel her

 Legg gjerne ved kart eller kartreferanse for området det gjeld. 

Til toppen