Me søkjer PROSJEKTLEIAR, 80 % stilling, mellombels engasjement.

ledig stilling.jpg - Klikk for stort bilete Helse - og omsorgssektoren i Ulvik herad og Eidfjord kommune har fleire utviklingsprosjekt på gang og me søkjer difor prosjektleiar til å leia desse.


Helse og omsorgssektoren har stort fokus på endring og omstilling for å imøtekome framtida sine krav til tenesteproduksjon.

 

Eit stort satsingsfelt er velferdsteknologi der ein skal jobba tverrsektorielt og inkludera IT, teknisk eining og både ute- og inneteneste innan pleie- og omsorg. Prosjektleiar skal vera både pådrivar for framdrift og sikre implementering av endringar.

 

Søknadsfrist er 24. januar 2021.

Stillinga er prosjektfinansiert og har varigheit 1 år, med mogelegheit for forlenging. Denne stillinga er eit samarbeid mellom Ulvik herad og Eidfjord kommune (Ulvik 60 % og Eidfjord 20%). Prosjektleiar vil ha kontorstad i begge herada.

Arbeidsoppgåver:

·         Delta i prosjektmøter på vegne av herada

·         Søkje tilskot til velferdsteknologi og andre prosjekt

·         Sikre kontinuitet i prosjekta

·         Rapporteringsansvar for prosjekta

·         Kunnskapsdeling, implementering og nettverksbygging

·         Implementera endringar i samarbeid med avdelingsleiarar

 

Kvalifikasjonar:

·         Helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis 3- årig høgskule

·         Leiar- og utviklingskompetanse er ein føremon

·         Erfaring kan erstatte utdanningsnivå

 

Personlege eigenskaper:

·         Evne til initiativ og sjølvstendig arbeid

·         Fleksibel og endringsvillig

·         God munnleg og skriftleg formidlingsevne

·         Kan jobbe strukturert og følgje tidplanar

·         Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Me kan tilby:

·         Eit godt arbeidsmiljø

·         Ei verksemd i utvikling

·         Fagleg utvikling

·         Utfordrande arbeidsoppgåver

·         Fleksibel arbeidstid

·         Konkurransedyktig løn

 

Ynskjer du å få søknaden handsama konfidensielt, må dette grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Politiattest jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 må leggjast fram ved tilsetting.

Tilsetting vil skje på dei vilkår og med dei plikter som føl av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar.

Du sender søknad digitalt via vår nettside: www.ulvik.kommune.no merk med: saksnr. 20/642

Har du spørsmål om prosjektleiarstillinga, ta kontakt med Helse og omsorgsleiar i Ulvik tlf 400 07 151 eller Einingsleiar for Helse og omsorg Eidfjord tlf 951 38 645.

Publisert av Beate Frøystein. Sist endra 30.12.2020