Levering heim av alkohol frå butikk

Dersom ein butikk skal selje og køyre ut alkoholhaldige varer til privatpersonar må dei ha ordinær salsbevilling. Utkøyringa av alkohol vert ei forlenging av denne bevillinga. Det er butikken som er ansvarleg for at ordninga skjer innanfor ramma av lovverket. 

 

Særleg viktig er det at butikkane overheld gjeldande salstider, at utleveringa skjer etter dei gjeldande aldersgrenser og at det ikkje vert utlevert alkohol til personar som er openbert påverka (synleg rusa).

Dersom butikken driv nettsal må dei ha bevilling for nettsal. Dei same føringane som over gjeld med tanke på salstider, alderskrav og sal til personar som er openbert påverka.

Ansvaret til kommunen er å føre kontroll med at utkøyringa skjer i tråd med alkohollovgjevinga (Kommunen er kontrollmynde og kan gje bevillingar). Kommunen har stor sjølvråderett i desse spørsmåla. Det er opptil kvar kommune om dei ønskjer nettsal av alkohol.

 

Rådmannen

Sist endra 07.04.2020