Oppstart: Snarast
Tilsetjingstilhøve: Fast
Om stillinga
Spennande stilling som leiar for heimebaserte tenester i Ulvik herad. Du vil ha ansvar for rundt 10 personar fordelt på fleire fagområde. Kontor i nye flotte lokalar ved Ulvik omsorgstun, rett ved fjorden. Ulvik herad vil satse på heimeoppfølging, førebygging og tidlege tiltak. Du vil bli sentral i å utvikle tenestene mot å nå overordna målsetningar og tilby tenester av høg kvalitet. Om du har leiarambisjonar og eit sterkt fagleg engasjement er dette stillinga for deg. Stillinga inngår i leiarteamet på ulvik omsorgstun og du vil jobbe tett med leiar for institusjonskjøkken og avdelingsleiar for Ulvik omsorgstun.
Oppgåver
Oppgåver inkluderer administrasjon, personaloppfølging, og ansvar for dagleg drift av tenestene. Du må pårekna noko arbeid i drift, avhengig av din kompetanse. Kjerneområda du vil ha ansvar for er heimesjukepleie og praktisk bistand. Oppgåver og mynde vil i nokon grad kunne tilpassast din kompetanse.
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg utdanning
• Personleg eigna
• Leiarutdanning eller erfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav
• Gode IT-kunnskapar
• Sertifikat klasse B
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Personlege eigenskapar
• Du er fagleg sterk og har evne til å motivera og rettleia tilsette
• Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon
• Du er engasjert med eit ynskjer om å skape gode tenester for innbyggjarane våre
Me kan tilby
• Ein spanande jobb der du får utfordra deg sjølv og bidra til å finne gode framtidsretta løysingar for helse og omsorgstenestene
• Arbeid på dagtid, utan helgebelastning
• Kontor i nytt flott lokale
• Ein triveleg arbeidsplass i verdas flottaste bygd
• Løn etter avtale og kompetansenivå
Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 50 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, institusjonskjøkken, heimesjukepleie, fastlegelegekontor med daglegevakt, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, og flyktningtenester. Eininga har godt samarbeid med kringliggande kommunar i Voss lokalsjukehusområde. Ulvik herad jobbar for tida med etablering av eige barnevernstenester og PPT i ei ny barne og familieeining der både oppvekst og helse er involvert.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Søk elektrononisk her.
Merk med saksnummer: 24/1296
Søknadsfrist: 20.10.2024
Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes
Kommunalsjef helse og velferd
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no