Ledig vikariat som Helsefagarbeidar, 100%

Illustrasjon ledig stilling - Klikk for stort bilete

Vil du vera med og forma ei god avdeling til det beste for pasientane våre? Er du fagleg engasjert og opptatt av å levera kvalitet i det du gjer?
Då er dette jobben for deg!

Søknadsfrist: 12. februar 2023

Ledig vikariat som autorisert helsefagarbeidar i opptil 100% stilling. Om du ynskjer å jobbe mindre enn 100% er det høve til det.

Oppstart: 11.04.2023

Oppgåver

  • Helsefagleg yrkesutøving i form av stell, utredning, pleie og omsorg, samt vegleiing i hjelp til sjølvhjelp overfor brukar/pasient.
  • Administrering av medikamenter i henhold til delegasjon.
  • Vegleiings – og opplæringsansvar overfor medarbeidarar/elevar.
  • Turnus  med arbeid kvar 3.helg.

 

Ynskja kvalifikasjonar

  • Du er autorisert helsefagarbeider
  • Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg minimum tilsvarande nivå B2.
  • Du har sertifikat på bil
  • Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerdsler basert på fagleg kompetanse.
  • Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4

 

Me kan tilby

  • Løn etter gjeldande tariff
  • Arbeidsplass i nye moderne lokalar
  • Ein jobb i verdast vakraste bygd
  • Dyktige kollegaer
  • Høve til fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Ein trygg og god arbeidsstad
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg- og personleg utvikling.

Søk elektronisk her

Merk med saksnr: 23/51

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Torstein Kvåle Hellesnes
Ass. Kommunalsjef helse og omsorg.
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no

Til toppen