Oppgåver
- Utøve sjukepleie til bebuarar på sjukeheim og tenestemottakarar i heimesjukepleien
- Vakter etter oppsett arbeidsplan, inkludert beredskapsvakter og arbeid kvar tredje helg.
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Dokumentasjon og kvalitetsarbeid
- Rettleiing av andre
Ynskja kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
- Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige faglege beslutningar i ein travel kvardag
- Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
- Relevant vidareutdanning og/eller erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Me vil legge vekt på at du er personleg eigna til stillinga
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff
- Arbeidsplass i nye moderne lokalar
- Ein jobb i verdast vakraste bygd
Om arbeidsgjevar
Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Velkomen som søkjar!
Søk stillinga her
Søknadsfrist 16. april
Bruk referanse 23/197 når du søkjer på stillinga!
Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes
Ass. Kommunalsjef helse og omsorg.
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no