LEDIG STILLING: ØKONOMISJEF. Utvida søknadsfrist 16.desember

Ledig stilling - Klikk for stort bilete Ulvik herad har ledig stilling som økonomisjef frå 1. februar 2019. Økonomisjefen har fag- og driftsansvar for kommunen sin samla økonomifunksjon og rapporterer til rådmann/stabssjef.

Utvida søknadsfrist 16.desember 

Hovudarbeidsoppgåver:
 Operativt ansvar for å leie og koordinere den samla økonomistyringa i heradet (budsjett, økonomiplan, rekneskap og innfordring av skatt og kommunale krav), med tilrettelegging for gode prosessar, rapportering, økonomiske analysar og oppfølgjing av politiske vedtak
 Strategisk planlegging og rådgjeving for politisk og administrativ leiing, på det økonomiske fagområdet
 Eigedomsskatt
 Finansforvaltning
 Overordna ansvar for KOSTRA-rapportering
 Drift, samordning og utvikling av økonomisystemet
 Kontroll, tilsyn, rettleiing og intern opplæring innan økonomiområdet i heile organisasjonen
 Sikre heilskapleg økonomistyring på tvers av einingane i heradet
 Delta aktivt i utviklingsarbeidet i heradet


Me ynskjer:
 Høgare økonomisk utdanning (3-5 år)
 Røynsle frå tilsvarande arbeid, helst frå kommunal sektor
 Gode IT-kunnskapar
 God skriftleg og munnleg kommunikasjon
 Evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
 Analytisk, strukturert og resultatorientert


Økonomisjefen har det faglege og administrative ansvaret for økonomiområdet i heradet. Økonomisjefen må vera pådrivar innafor innkjøpsområdet og utvikling av E-handel.


Utvida søknadsfrist: 16. desember 2018.

Send elektronisk søknad med CV her. Merk med saksnr: 18/364.

Kopiar av attestar og vitnemål vert etterspurt ved intervju. 


Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta: rådmann Thore Hopperstad tlf. 40007158 eller personal- og administrasjonsleiar Anette T. Hjeltnes tlf. 40007118.


ULVIK – PERLA I HARDANGER

 

 

Fyrste gong publisert 22.11.2018 

Sist endra 06.12.2018