Ledig stilling kyrkjelydsmedarbeidar innan trusopplæring

Ulvik Kyrkje  - Klikk for stort bilete

Søknadsfrist: 01. oktober 2018

Det er ledig stilling som kyrkjelydsmedarbeidar i 10% med ansvar for trusopplæring i Ulvik sokn. Trusopplæring er for born og unge i alderen 0 – 18 år, ut frå plan for trusopplæringa.
Kyrkjelydsmedarbeidaren har ansvar for å vidareutvikle trusopplæringa, for planlegging og gjennomføring av ulike tiltak, og samarbeider i hovudsak med friviljuge, samt prest, organist og kyrkjetenar om gjennomføringa. Kontorstad er kyrkjekontoret i Ulvik. Kyrkjeverja er næraste leiar, og Ulvik sokneråd er arbeidsgjevar.

 

Me søkjer deg som er Barne og ungdomsarbeidar eller pedagog, som har kristendomsfagleg kompetanse. Realkompetanse og erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning.

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.

Søkjar må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) ved tilsetjing.

Søkjar må ha sertifikat/disponere eigen bil.

Me tilbyr løn etter gjeldande tariff, medlemskap i KLP.  Fleksibel arbeidstid og eit godt samarbeid i ein liten og nær stab.

Søknad og evt spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverja i Ulvik,  Nina Fjeld, mob. 95934158, epost: kyrkjeverje@ulvik.kyrkja.no.

Søknadsfrist: 01.oktober 2018

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 11.09.2018