Ledig stilling i Ulvik herad – Prosjektleiar - samfunnsdelen til kommuneplanen

ledig stilling.jpg - Klikk for stort bilete  Arbeidsgjevar: Ulvik herad.

Stillingstittel: Prosjektleiar samfunnsplanlegging.

Frist: 18.10.2021.

Stilling: Engasjement 1 år, med mogleg høve til forlenging.

 

Søknadsfrist 18. oktober 2021

Søknad med vedlegg sendast via heradet si heimeside

Ulvik herad er ei bygd med 1063 innbyggjarar, og ligg inst i Hardangerfjorden.

Heradet er ein landbrukskommune med eit rikt reiseliv. 

Landet si einaste frukt- og siderrute ligg i kommunesenteret Ulvik. Flott natur, variert næringsliv, rikt kulturliv og velutvikla destinasjonar er Ulvik sine mange kvalitetar.

Heradet sin samfunnsplan er over 10 år gamal.

Heradet står ovanfor utfordringar som demografi, folketal, behov for ytterlegare tilrettelegging for næringsvekst og klimautfordringar.  

Arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen er no i oppstartfasen, med planlagt vedtak av  planen i 2022. Utifrå erfaringar vil det verta trong for nokre revisjonar av andre planar. Heradet har dessutan eit stort behov for å rullera kommuneplanen sin arealdel, og revidera andre kommunale planar/temaplanar, mellom anna klima- og energiplan, bustadstrategisk plan, næringsplan, kulturminneplan og plan for trafikktryggleik.

Me ser etter ein engasjert prosjektleiar med kompetanse innan kommuneplanlegging. Saman med oss kan prosjektleiaren delta og hjelpa til med å oppretthalda utviklinga i heradet, og leggja til rette for framleis utvikling i framtida. Stillinga vil gå inn i avdelinga for plan og eigedom, med totalt 7 tilsette.

Tilsett i stillinga skal stort sett jobba med overordna planar som kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel, samt planstrategi. Prosjektleiaren vil også kunna delta aktivt i andre temaplanar, eller leia planarbeid med andre planar.

Prosjektleiaren si hovudoppgåve vert å koordinera og fylgja opp prosessen og arbeid med den nye samfunnsdelen. Prosjektleiaren vil også delta i rullering- og revideringsarbeid av andre overordna planar.

Prosjektleiarstillinga kan forlengjast dersom behovet er der.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Planarbeid (delta, sakshandsame, leia prosessar, koordinera internt og eksternt)
  • Rullering av gjeldande planar (delta, leia prosesser, koordinera internt og eksternt, utarbeida plandokument)
  • Delta i revidering av kommunale planar/temaplanar (delta, leia prosesser, koordinera internt og eksternt, utarbeida plandokument)
  • Delta i anna planarbeid ved behov og kapasitet
  • Endring i arbeidsoppgåver (innan same planprosess og -arbeid) kan skje ved intern omorganisering av plangruppa

 

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan relevant fagområde, eksempelvis samfunnsplanlegging, arealplanlegging, by- og regionplanlegging, arkitektur/landskapsarkitektur. Relevant kompetanse og arbeidserfaring innan fagområdet kan også koma i betraktning
  • Nokre års erfaring innan overordna planlegging eller planlegging innanfor ansvarsområde for stillinga
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk

 

Det er ein stor fordel om du også har:

  • Erfaring innan store eller komplekse plan- og strategiske arbeid
  • Erfaring/kjenna til offentleg forvaltning, planprosessar etter plan- og bygningslova og sakshandsaming
  • Erfaring/kompetanse innan GIS og andre digitale verktøy generelt
  • Erfaring med medverknadsprosessar og ulike metodar for medverknad
  • Erfaring og er komfortabel med å snakka for forsamlingar

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til samarbeid i same fagmiljø og med andre fagområde
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • Vera lojal og syna forståing for politiske prosessar og vedtak
  • Løysingsorientert og strukturert og kunna å halde framdrift og overhalda tidsrammer
  • Utviklings- og kunnskapsorientert
  • Open, tillitsvekkjande og inkluderande
  • Ha respekt for ulike meiningar og interesser
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

 

Me kan tilby:

  • Ein viktig jobb som skal leggja til rette for å staka ut vegen for framtidig utvikling i Ulvik-samfunnet
  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø;  artige kollegar, mange sosiale samkomer, mm.
  • Eit sterkt fagleg miljø i plangruppa spesielt og eininga generelt
  • Fagleg utvikling
  • Framtidsretta kommune og einingar som ikkje er redd for å ta i bruk nye digitale løysingar/verktøy
  • Fleksitidordning
  • God pensjonsordning i KLP
  • Konkurransedyktig løn
  • Firmahytte på Finse
  • Heimekontorløysing er mogleg

 

Søknadsfrist 18. oktober 2021

Søknad med vedlegg sendast via heradet si heimeside

Merk søknaden med saksnummer 21/449

Ved spørsmål, kontakt Kommunalsjef for plan, eigedom og teknikk Vera Iversen  vera.iversen@ulvik.kommune.no

Sist endra 01.10.2021