Ledig deltidsstilling i Ulvik brannvern 2%

Det er ei ledig deltidsstilling i Ulvik brannvern – 2 % stilling fast. 

Ulvik herad har ledig fast stilling som brannkonstabel. Storleiken på stillinga er 2 % +  at det kan verta aktuelt med  deltaking i helgevakts ordninga.  

 Søknadsfrist: 09.07.2024 

 

Fellesøvingar (alle mannskap) er lagt til kveldstid mellom 18:00 og 21:00. Medan øvingar med 3 personar (2 personar på helgevakt) er normalt lagt til fredag ettermiddag – kvar 5 veka. Denne øvinga er på 2 timar. 

 

Jobben i brannvernet høver like godt for kvinner som for menn, og dersom du er over 20 år og 

oppfyller eit eller fleire av fylgjande kulepunkt - er du gjerne den rette for oss: 

 

• Bur (og helst arbeidar) innanfor 5-6 min køyretid frå brannstasjonen 

• Må ha førarkort klasse B, ønskeleg om du har førarkort for tyngre køyretøy – klasse C 

• Har teoretisk / praktisk kunnskap innanfor fyrstehjelp /HLR 

• Har praktisk jobberfaring 

• Har gjennomført sikkerheitsopplæring / røykdykkarutdanning 

• Beherskar norsk skriftleg og munnleg 

 

Det viktigaste er likevel at du har lyst til å gjera ein innsats i brann og redningsarbeid i bygda di. Det vil verta gitt intern opplæring i faget - undervegs i arbeidsforholdet. Ein vert pålagd å gjennomføra obligatoriske kurs/utdanning innan brann og redningsfaget. 

 

For spørsmål i samband med desse stillingane kontakt varabrannsjef Arnt Inge Lekve på telefon nr 40007122/ 90945631 

 Send elektronisk søknad her Merk søknaden med saksnummer 24/956

 

 

Til toppen