Ledig deltidsstilling i Ulvik brannvern – 2 % stilling fast.

ledig stilling.jpg - Klikk for stort bilete Ulvik herad har ledig fast stilling som brannkonstabel. Storleiken på stillinga er 2 % +

at det kan verta aktuelt med  deltaking i helgevaktsordninga.

 

 

Søknadsfrist: 25.06.2021- Send søknad digitalt her

Fellesøvingar (alle mannskap) er lagt til kveldstid mellom 18:00 og 21:00. Medan øvingar med 3 personar (2 personar på helgevakt) er normalt lagt til fredag ettermiddag – kvar 5 veka. Denne øvinga er på 2 timar.

 

Jobben i brannvernet høver like godt for kvinner som for menn, og dersom du er over 20 år og

oppfyller eit eller fleire av fylgjande kulepunkt - er du gjerne den rette for oss:

 

• Bur (og helst arbeidar) innanfor 5-6 min køyretid frå brannstasjonen

• Ei føremonom dersom du har førarkort for tyngre køyretøy – klasse C

• Har teoretisk / praktisk kunnskap innanfor fyrstehjelp /HLR

• Har praktisk jobberfaring

• Har gjennomført sikkerheitsopplæring / røykdykkarutdanning

• Beherskar norsk skriftleg og munnleg

 

Det viktigaste er likevel at du har lyst til å gjera ein innsats i brann og redningsarbeid i bygda di. Det vil verta gitt intern opplæring i faget - undervegs i arbeidsforholdet. Ein vert pålagd å gjennomføra obligatoriske kurs/utdanning innan brann og redningsfaget.

 

For spørsmål i samband med desse stillingane kontakt varabrannsjef Arnt Inge Lekve på telefon nr 40007122

 

Søknadsfrist: 25.06.2021

 

Send søknad digitalt her eller til Ulvik herad – Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik. Attestar og vitnemål må leggjast fram på intervju.

Sist endra 10.06.2021