Ledig 100% stilling sakshandsamar i Ulvik herad- teknisk

ledig stilling.jpg - Klikk for stort bilete Ulvik herad søkjar ein sakshandsamar i 100 % stilling med erfaring frå sakshandsaming etter plan- og bygningslova.

Søknadsfrist:  5.mai 2021

Skildring av eining

Teknisk eining i Ulvik herad består av plan, teknikk, eigedom, utedrift, reinhald og Ulvik hamnevesen. Eininga har 20 tilsette med kommunalsjef for plan, teknikk og miljø som leiar. Me ynskjer oss ein initiativrik og dyktig medarbeidar som i hovudsak skal jobbe med sakshandsaming og prosjektarbeid, og bidra i løysing av heradet sine oppgåver som mynde innan eininga sitt ansvarsområde.

 

Arbeidsoppgåver

  • Saksførebuing og handsaming av saker etter plan- og bygningslova med hovudvekt på plansaker og delingssaker.
  • Handsaming av saker knytt til planforvaltning, informasjon og handsaming av mindre planendringar.
  • Ansvar for heradet sine vedlikehaldsprosjekt
  • Drift og forvaltning av kommunale kaianlegg
  • Andre relevante oppgåver må kunne påreknast.

 

Vi søker en person som:

  • har evne til å jobbe i team og skape engasjement, tar initiativ og er løysingsorientert.
  • har serviceinnstilling, gode samarbeidsevner og evne til å rettleie konsulenter og eiendomsutviklere i små og store prosjekt
  • har evne til både å arbeide sjølvstendig, og å arbeide i gruppe / prosjekt
  • har ei serviceretta haldning
  • kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • har GIS-kompetanse og erfaring med bruk av GISLINE
  • har matrikkelkompetanse

 

Krav til kompetanse

  • Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan relevant fagområde.
  • Gode datakunnskaper
  • Relevant praksis og erfaring
  • Kunnskap og erfaring innan offentleg forvaltning.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

 

Andre opplysningar

Tilsetting vil skje på vanlege kommunale tilsetjingsvilkår, med løn etter gjeldande tariffavtale og medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning.

Alle søkjarar vert tatt med på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 3 jf. § 25. Søkjarar som oppmodar om å bli unntatt frå den, må grunngje dette i søknaden. Dersom oppmodinga ikkje kan takast til følge, vil søker bli kontakta før søkjarliste blir gjort offentleg.

Personar som skal yte tenester til barn eller personar med utviklingshemming skal vise politiattest. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men skal leggjast fram før tiltreding.

Kravet gjeld personar som skal yte helsehjelp, sosiale tenester eller jobbe i grunnskule, SFO og barnehager.

 

Søknadsprosedyre

Søk elektronisk her merk søknad med "21/279"

Evt. vedlegg til søknad må være i PDF format.

Er du ntern søkjar ber vi deg bruke same e-post som er registrert i lønssystemet.

 

Søknadsfrist:  5.mai 2021

 

Ved spørsmål om stillinga, kontakt Vera Iversen, vera.iversen@ulvik.kommune.no, tel. 40007186

Sist endra 08.04.2021