Kyrkjeverje / Dagleg leiar 80 % stilling frå 01.01.2019.

Ulvik Kyrkje  - Klikk for stort bilete Søknadsfrist  03.oktober 2018

Ulvik kyrkjelege Fellesråd

Søkjer

KYRKJEVERJE

i 80 % stilling frå 01.01.2019.

For meir informasjon og for å søkja på stillinga, gå til www.kirkejobb.no.

Søknadsfrist: 03.10.2018

Spørsmål kan rettast til: Fellesrådsleiar Knut Nes Tlf 976 68 025

Kyrkjeverje Nina Fjeld, Tlf 56 52 68 00 / 959 34 158 e-post: kyrkjeverje@ulvik.kyrkja.no

Om Ulvik

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur – og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Ulvik Poesifestival, Olav H. Hauge- senteret, sommarfestival og blueshelg – og mykje meir! Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage – og SFO-plass om du ynskjer.

Kva ventar deg i Ulvik?

 •fin natur frå fjord til fjell •satsing på helse og poesi •kort veg til tenestene •oversiktleg samfunn •ikkje bilkøar •gode oppvekstvilkår for born •gode omsorgstenester •kort veg til Voss og Bergen

 

Ulvik kyrkjelege fellesråd er administrativt organ for Den norske kyrkja i Ulvik, som er ein del av Hardanger og Voss prosti. I Ulvik er det eit sokn med 1 kyrkje, 2 gravplassar. Det er felles sokneprest med Granvin. Fellesrådet har i dag 4 tilsette i tilsaman 1,75 årsverk, kantor, kyrkjetenar, trusopplærar og kyrkjeverje. Stell og vedlikehald på gravplassane vert kjøpt av Ulvik herad, graving vert kjøpt av entrepenør.

 

Det er ledig stilling som

Kyrkjeverje / Dagleg leiar  80 % stilling frå 01.01.2019.

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
  • Personalansvar for dei fellesrådstilsette
  • Ansvar for planlegging og økonomistyring
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar.
  • Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
  • Kontakt med og rapportering til offentlege myndigheiter

 

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring og god økonomi- og datakunnskap
  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing
  • God innsikt i, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Medlem i Den norske kyrkja
  • Målforma i heradet er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Det vil verta lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna
  • Det er ynskjeleg at søkjar kan møta nye utfordringar på ein kreativ måte, vera fleksibel, samarbeida med relevanta partar, inspirera og motivera andre og arbeida systematisk og målretta

 

Følgjande vert tilbydd

  • Løn etter avtale. Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde. Pensjonsordning i KLP
  • Kontor på Kyrkjelydssenteret, Storøyni 6.
  • Den som vert tilsett vil verta beden om å leggja fram tilfredsstillande politiattest i medhald av kyrkjelova § 29
  • Søkjar må kunna nytta eigen bil i tenesta.

 

Spørsmål kan rettast til Fellesrådsleiar Knut Nes, telefon 97668025

Eller kyrkjeverje Nina Fjeld, telefon 56526800 / 95934158 e-post: kyrkjeverje@ulvik.kyrkja.no

 

For å søkja på stillinga, gå til www.kirkejobb.no.

Eller send søknad med vitnemål og attestar til:

Ulvik kyrkjelege Fellesråd

Storøyni 6

5730 Ulvik                                                               

 

 

 

 

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 14.09.2018