Kulturprisen 2022 til "Lyden av Ulvik"

Ulvik herad sin kulturpris vart tildelt "Lyden av Ulvik"

 

"Lyden av Ulvik" starta opp som konsertrekka "Fortel meg om» sommaren 2020, i ei krevjande tid tilpassa koronarestriksjonar med avgrensa publikumstal og smitteverntiltak.

Gjennom eit rikhaldig konserttilbod har «Lyden av Ulvik» arbeidd dugnad for skapa aktivitet og gjera bygda meir attraktiv for fastbuande, gjester og potensielle tilflyttarar.

Dei har så langt arrangert 29 konsertar i ein periode der mange andre arrangører har funne det utfordrande å arrangere konsertar og dei har hausta lovord frå artistar og bookingbyrå for aktiviteten og måten dei har gjennomført konsertane på.

Konsertprogrammet for 2022 er alt planlagt med 20 arrangement i både blues, vise og rock sjangeren.

Lyden av Ulvik vart til i ei tid der det kanskje meir enn nokon gong var viktig å treffast rundt gode opplevingar i trygge omgjevnadar.

Ulvik herad voner merksemda vil oppmuntre til vidare innsats.

Til toppen