Korleis unngå oppblomstring av coronapandemien?

info.jpg - Klikk for stort bilete

Vi minner om at corona-pandemien slett ikkje er over. Heldigvis har ikkje kommunen påvist smitte per dags dato, men det kan fort endra seg. Folk har vore meir mobile, reist omkring både i inn- og utland, og kjem no heim att frå ferien.

Kva kan vi gjera for å ta vare på kvarandre og især verna våre sjukaste og gamle? 

Vi må alle halda avstand, vaska hender, passa på hostehygiene, halda oss heime når vi ikkje er friske.

For reisande frå land i raud sone, gjeld påbod om karantene etter heimkomst, jf sentrale reglar:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/

I tillegg har kommunen si kriseleiing i samråd med smittevernlegen bestemt at

·         Alle som har vore på lengre reise, på stader der det er mykje folk og vanskeleg å halda avstand, må venta 10 dagar etter heimkomst før dei besøker sine kjære ved Ulvik Omsorgstun. Dette gjeld både om ein har vore utanlands i grøn sone og på reise i Norge. I særskilte høve kan ein gjera unnatak frå besøksrestriksjon desse 10 dagane, det skal avtalast med personalet i samråd med lege.

·         Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid, som har vore på reise i grøn sone, skal ta ein test for covid-19 og ha dokumentert negativ test før dei startar i arbeid igjen. Dette gjeld og dei som har vore på Norgesferie på stader der det er mykje folk og vanskeleg å halda avstand

·         Kommunen vil ha låg terskel for å tilby testing for covid-19 til alle som har vore på reise og til alle som har symptom på luftvegsinfeksjon.

·         For arbeidstakarar som kjem til oss frå utlandet, gjeld særskilte karantenereglar frå raud sone, og kommunen vil tilby 2 testar for covid-19 til desse i karantenetida. For arbeidstakarar frå grøn sone, er det ikkje karantenekrav, men vi vil tilby også desse test for covid-19 (x1). Arbeidsgjevrarar som har utanlandske arbeidarar, vil få særsklit informasjon, og kan kontakta kommunelegekontoret ved spørsmål. Tlf 56527040 eller 40007143.

 

Testing for covid-19:

Skal vera førehandsavtalt med legekontoret, ring! Sjølve testinga vert utført mandag, onsdag og fredag kl 11, ved oppmøte utanfor Ulvik Omsorgstun, vareinngang. Oppmøte i bil.

 

Helsing Smittevernlegen

Sist endra 05.08.2020