Koordinator, barnekoordinator og individuell plan

Ulvik herad tilbyr barnekoordinator, koordinator og individuell plan til deg som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Koordinerande eining har det overordna ansvar for å sikra at du får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod. 

Barnekoordinator 

Ein barnekoordinator kan hjelpa deg som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skadd eller nedsett funksjonsevne og som treng fleire typar tenester over tid. Ein barnekoordinator vil i all hovudsak vera ein som jobbar tett med barnet og familien. 

De kan sjølv fremja eit ynskje om barnekoordinator skriftleg eller munnleg. Er det samarbeidspartnarar som tek kontakt, vert det spurd om samtykke frå føresette. 

Barnekoordinator kan hjelpa dykk med følgjande:  

  • ha oversikt over og koordinera dei tenestene de og barnet har kontakt med  
  • gje dykk informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og plikter  
  • gje informasjon om nødvendige velferdstenester og frivillige brukarorganisasjonar  
  • få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidla kva som opplevast som god og nyttig hjelp  
  • sørgja for framdrift av individuell plan dersom barnet har det  styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i ansvarsgruppemøte 
  • gje deg rettleiing slik at de kan medverka til avgjerder knytt til saka til barnet   

 

Koordinator: 

Ein koordinator kan hjelpa deg som er over 18 år, og som har behov for langvarige og koordinerte tenester frå både Ulvik kommune og evt. andre helsetenester. Koordinatoren vil i all hovudsak vera ein som jobbar i tenesta rundt deg. 

 Koordinatoren kan hjelpa deg med følgjande: 

  •  sikra at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod 
  • sikra medverknaden og innverknaden din 
  • styrkja samhandling mellom deg og tenestene 
  • styrkja samhandling mellom tenestene du har 
  • sørgja for framdrift av individuell plan, dersom du har det

 

Individuell plan 

Individuell plan beskriv korleis tenestene skal samarbeida slik at du får ei heilskapleg oppfølging. Planen blir laga i samarbeid mellom deg og tenesteytarane dine og blir fortløpande oppdaterte. Planen er basert på behova dine og det som er viktig for deg.  Individuell plan kan utarbeidast dersom du sjølv ønskjer det. Måla dine skal vera utgangspunktet for den planen. Det er derfor viktig at du, eventuelt pårørande dine, deltek aktivt i utarbeiding og oppdatering av planen. 

 Viktige punkt i planen er: 

  • måla dine 
  • kva som skal gjerast 
  • kven som har ansvar for kva 
  • til kva tid tenestene skal givast 


Andre tiltak og tenester som du har behov for, blir inkludert i planen, til dømes Nav, barnevern, tilrettelegging i skule og barnehage osb. 

Planen skal sikra at det til kvar tid er nokon som har ansvaret for koordinering og oppfølging. Planen gir ikkje fleire rettar, men skal vera eit verktøy for samarbeid mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. 

 Kontaktinformasjon:  

Ynskjer du kontakt med koordinerande eining? Ring Ulvik omsorgstun - tlf. 56 52 70 80. 

Les meir her

Til toppen