Kontrollutvalet i Ulvik herad:

info - Klikk for stort bilete  Heradsstyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum ein av desse må vera medlem av heradsstyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordførar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

 Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1

Kontrollutvalet har normalt 4 ordinære møter i året. Møta er opne for publikum og sakspapir/protokoll for kontrollutvalet finn du her. Møteplan for kontrollutvalet finn du her.

Kontrollutvalet har følgjande faste medlemer:

  • Solveig Uppheim, leiar (V)
  • Alf Gunnar Sortland, nestleiar (Ap)
  • Gunnbjørg Øyre, medlem (SV)
  • Håkon Gjerde, medlem (V)
  • Terje Strømmen, medlem (H)

Følgjande er varamedlemer til kontrollutvalet i slik rekkefølgje: Knut Nes, Sp, Lars Helge Ljone, SV og Ellen Åse Opedal, AP

E-post til kontrollutvalet kan sendast til leiar, Solveig Uppheim: Solveig.uppheim@gmail.com med kopi til Kjartan Haugsnes, sekretariat for Ulvik kontrollutval: kjartan.haugsnes@vlfk.no

Oppgåver:

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med den kommunale forvaltninga på heradsstyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon av verksemda i heradet og av verksemda i selskap heradet har eigarinteresser i, eigarskapskontroll av selskap heradet har eigarinteresser i og andre kontroll- og tilsynsoppgåver ved bestillingar til revisor.

Utvalet skal også sjå til at heradet har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til heradsadministrasjonen, eller til revisjonen.

Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til heradsstyret. Revisjonsrapportar etter gjennomførte revisjonar finn du her.

Revisor:

Ulvik herad eig saman med Voss herad, Ullensvang kommune og Eidfjord kommune, Vestlandsrevisjon IKS

Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som heradet har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat for kontrollutvalet:

Ulvik herad kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå  Sekretariat for kontrollutvalet

https://www.vestlandfylke.no/om-oss/organisasjon/kontrollutvalget/ i Vestland fylkeskommune.

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.

Viktige lenker:

Kontrollutvalsboka

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/kontrollutvalgsboken/id2468270/

Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT)

https:/www.fkt.no/

Norges kommunervisorforbund (NKRF)

https://www.nkrf.no/

Sist endra 14.10.2020