Konsulentstilling skule/SFO, 100 % fast stilling

Brakanes skule har ledig konsulentstilling i 100 % fast stilling frå 01.07.22. Me søkjer ein person som har utdanning innan kontor og administrasjon, gjerne på høgskulenivå. Stillinga skal ivareta ulike administrative og praktiske støttefunksjonar i skule og SFO.Illustrasjon ledig stilling - Klikk for stort bilete 

Arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga er mellom anna:

  • Administrativt ansvar for SFO, m.a. søknadsprosess og tildeling av plassar
  • Ansvar for skuleskyss
  • Sakshandsaming til politiske utval
  • Vedlikehald av elevmapper/personalmapper, digitalt og i papir
  • Vera superbrukar i Visma Flyt skule, Websak Fokus, Draftit og andre administrative program som skulen/heradet nyttar
  • Koordinering av GDPR-arbeidet
  • Organisering og tilrettelegging av møteverksemd
  • Oppgåver etter avtale med rektor

Du må vera sjølvstendig, fleksibel i høve til arbeidsoppgåver og ha pågangsmot og godt humør i ein hektisk kvardag. Digital kompetanse er viktig for stillinga. Du må meistra nynorsk og ha god skriftleg framstillingsevne. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

Lønn som konsulent/spesialkonsulent, etter kompetanse. Bruk referanse 22/303 når du søkjer på stillinga.

Søknadsfrist er 27.05.2022

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.
Søknad kan/bør fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no,
og/eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no

Ein kan også senda  søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål i papirformat til: 

Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor/kommunalsjef Rigmor Hanssen på telefon 4000 7153
eller på  rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no

Til toppen